<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=261961535508113&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Av og til helbrede, ofte lindre, men alltid trøste!

Wenche Sortvik
25. mars 2020

Høgskolelektor VID Bergen

Eg er sjukepleiar og har praktisert mitt yrke i mange år. Eg er no så heldig at eg får jobbe med å utdanne nye sjukepleiarar. Eg får vere med på deira reise gjennom siste studieår. Mange av studentane kjem rett frå vidaregåande skule når dei startar utdanninga.

Sjukepleiestudiet er ei danningsreise, som krev mykje av studentane gjennom dei tre studieåra. Både gjeldande teori, eksamenar, arbeidskrav og praksisperiodar. Særskilt er praksisperiodane lærerike, men også utfordrande. Læringskurva er bratt.

Studentane møter livet si skuggeside. Fysisk og psykisk liding. Tap av helse og livskvalitet. Død, smerte og sorg. Men også glede. Håp. Tilfrisking, mestring og gjenvinning av helse. Sjukepleiarstudentane må lære seg å vere med på reisa. Som gode medvandrarar og hjelparar. Uansett utfall.

Gjennom dei tre åra, må dei førebu seg på sitt komande yrke. Eit yrke som vil berike. Men som også vil bringe med seg seine kveldar og tidlege morgonar i turnus. Lange nattevakter. Mykje ansvar. Val. Dårleg løn. Store kjenslemessige påkjenningar. Raske skifte av kanal når ein vender heim til familie, born og kvardag. Det er eit verdival å verte sjukepleiar i Noreg i dag!

Sykepleierloftet

Dei siste vekene har snudd Noreg og resten av verda på hovudet. Vi står i ein uavklart situasjon relatert til spreiinga av viruset Covid 19. Avgrensande smittetiltak er iverksett i landet vårt. Like fullt veit vi at talet på smitta er stigande. Vi har alle nokon som er i ein sårbar posisjon, og som vi er redd for no.

Ingen har opplevd tilsvarande situasjon i landet vårt i fredstid. Det får fylgjer. Også for utdanningsinstitusjonar. Akademiske Campusar er stengd. Samstundes skal vi prøve å få medisinsk personell ferdig utdanna. For dei trengst! På min Campus, jobbar over 160 3. års studentar med si avsluttande bacheloroppgåve på nett no. Vi vegleiar over telefon, skype og mail. Dei har avgrensa ressursar til bibliotek og fagmateriale. Like fullt er målet å få sin autorisasjon innan normert tid.

Eg vil løfte fram ei oppleving gjennom dei siste veker. Studentane si innstilling har rørt meg gjennom denne spesielle tida. Rørt meg og imponert meg! Deira haldning er unison: DEI VIL BIDRA! Dei er klar til å gå ut for å berge liv og helse! Desse unge menneska STÅR VED sitt verdival i sjukepleia, og ynskjer å gjere ein skilnad. Dei vil ut i krigen! Og dei veit det vil koste! Vanskelege møter og etterkvart prioriteringar. Risiko for å sjølve verte sjuke, og å vere ein smitterisiko for sine næraste.

Å sjå denne mentaliteten hjå så unge menneske, og å vete noko om danningsreisa for å kome dit, gjer inntrykk på meg. Og – det står i sterk kontrast til uttalingar frå godt vaksne folk som er irritert over at hytte-påska kanskje vert avlyst i år! At ein må betale vannavgift når ein ikkje får nytte hytta si som ein ynskjer! Og folk som vel å ikkje respektere karantene-reglar og iverksette smittevernstiltak! Dette er svært lite gjennomtenkt i ein situasjon der sårbare menneske sine liv står i fare.

Eg takkar dykk, studentar, for innstillinga dykkar – og for dykkar verdival. De kunne ha valt ein annan yrkesveg, som også gav høgare status og økonomisk utbyte. Men. De valte å verte sjukepleiarar. Å vere der for andre menneske når dei treng det aller mest.

Hippokrates sa, allereie i før-kristen tid; Av og til helbrede, ofte lindre, men alltid trøste. Dette er ord de har høyrt gjennom dykkar utdanning. No viser de at de er klar til å praktisere desse orda.

Eg tek av meg hatten for dykk i kveld!

VID_Sykepleier

 

Kanskje du liker

innleggene om Samfunn

Abonner på e-post

Ingen kommentarerer enda

La oss få vite hva du tenker